MORO Å VERA -

GODT Å LÆRA!

 

 

 

ARKIV SKULEÅRET 2009 - 2010

 

 

                                                                                              

 

Sommarfest 2010.

Sommarfesten i går 15.juni vart ein suksess!

5.-7. klasse gjorde ein flott innsats med framsyninga "Grieg i hundre". Ramma rundt-  Rødungstølen i nydeleg kveldssol gjorde opplevinga ekstra sterk. Bilete frå øving og kveld kjem etterkvart.

 

 

Besøk av dei som startar på skulen til hausten.

2.juni var elevane som skal starte i 1.klasse til hausten på besøk på skulen. Dei fekk møte både lærar og faddarar. Stor stas - for både ungar og vaksne.

 

 

 

 

No har7.klasse lagt til kai

25.-28. mai var 7.klasse på skuletur med skuta Mathilde - meir info om leirskulen her . Bilete lagt ut av leirskulen etter turen finn de herBilete her  -  som er tatt undervegs - og fleire bilete kjem!

 

 

 

Tinestafett på Leveld skule 20.mai 2010!

Ein flott dag og eit supert arrangement. Alle i aktivitet - både vaksne og ungar. Sjå bilete i biletgalleriet.

 

 

 

 

 

 

Bygdekafé - 4. mai

Dette vart eit supert arrangement nok ein gong - mange fornøgde gjester og ungar!

 

 

 

 

 

 

 

Isfiske.

Tysdag 20.04 var småskulen på isfiske på Vatsfjorden - sjå bilete i biletearkivet.

 

 

 

Skidag i bakken.

Ein skikkeleg flott avrunding av vinteren for mellomtrinnet  ble det siste dag før påske i Skibakken - Ål skisenter!

 

 

 

Skidagar i mars:

Småskulen hadde ein flott tur 16.mars.

Mellomtrinnet hadde ein super tur måndag 22.mars - sjå i biletearkivet.

 

 

 

2.klasse har jobba med symmetri - sjå i biletearkivet!

 

 

 

 

Skrive-teikneverkstad i 3. og 4. klasse.

 

Tysdag 09.02 fekk 3. og 4.klasse besøk av forfattar Ingvild H. Rishøi og illustratør Inga Sætre. Dei laga bok med elevane og illustrerte den.

 

 

 

Nettvettdag på Leveld skule 8. februar!

Måndag 8.februar var det nettvettdag på Leveld skule. Per Arne Hansen frå "Digital oppdragelse"  kom og heldt foredrag for elevar, tilsette og føresette. Det vart ein spennande og lærerik dag for alle.

 

 

3. og 4. klasse på besøk hos ordføraren.

 

Fredag 5.februar var 3.-4.klasse på besøk på Tingstugu. Dei fekk omvisning og orientering av sjølvaste ordføraren. Fleire bilete i galleriet.

 

 

Solidaritetskveld 2. februar

Småskulen fekk inn 4000 kr på solidaritetskveld 02.02! Pengane skal gå til ofrene på Haiti.

 

 

Gommo på besøk!

2.klassse har hatt gommobesøk tysdag 2.februar - strikking på dagsorden -sjå i biletearkivet.

 

 

Leseveka - ein suksess

Leseveka vart ein suksess! Mykje lesing vart det, og lesegleda spreidde seg over heile skulen. Særleg triveleg vart det i Lesehola -sjå bilete!

 

 

Meir fysisk aktivitet på skulen

No er det tilbod om fysisk aktivitet i storefri for

5.-7.  årstrinn måndag og torsdag. Meir info på It's learning.

 

 

 

 

 

Kjetil og Kjartan-show mot mobbing har vore på Ål!

20.april- et interessant og nyttig foreldremøte

21.april var 5.-7.trinn på show i Kulturhuset - mange tankar vart satt i sving etter dette!

 

 

Brageteateret til Ål igjen.

4.-7.klasse var på framsyninga "Froskeakvariet " 29.april! Les meir her.

 

 

 

Brageteateret

1.-3.klasse har vore på ein flott framsyning! "Fendelhorgens flokk" 

 

 

Opplæring i hjarte/lunge-redning.

7. klasse har hatt opplæring i hjarte/lunge-redning (HLR). Alle elevane har fått kvar sin "MiniAnne" og trena på HLR. Me har hatt besøk frå Norsk Luftambulanse som har informert og vore med når 7.klasse har gitt opplæring til 6.klasse. Til slutt ga 7.klasse 3.-4.klasse opplæring. No skal alle på 7.trinn heim og lære opp dei andre heime. Dette var ein spennande og nyttig dag!

 

 

 

Trivselskampanjen

5.klasse vann konkurransen i Trivselskampanjen vår! Dei vart samanlagt dei flinkaste til å halde orden i fellesareal på skulen. Kampanjen har vara i 7 veker, og alle har vore kjempeflinke!!! Premien var pølsefest før vinterferien med rektor og lærarar på trinnet. 

 

 

Trivsel i fokus!

Trivselskampanjen fortset -  me ynskjer fortsatt ryddige og trivelege fellesareal. Utfordringa no er å halde det like fint vidare som det vart i dei 7 vekene me hadde forrige kampanje.  

 

 

Leveld skule - 3570 Ål - Tlf. 32084166 

 leveld.skule@aal.kommune.no

 

Ål kommune - Torget 1 - 3570 Ål - Tlf 32085000

www.aal.kommune.no

Utviklet av: Tommy Grøtt (Ål kommune)                                                                     


Leveld skule