|

7.klasse har kantine 6. og 13.mai til inntekt for skuletur!

Karneval på Leveld skule fredag før påske!
4.-6. time fredag 15.04 var heile skulen samla i gymsalen for å feire at den no er opna att. Det vart leik, dans og moro!

Skidag for heile skulen tysdag 12.04.

HØYRING "BETRE LÆRING I ÅL KOMMUNE"
Prosjektet "Utvikling av innhald, kvalitet og struktur for skular og barnehagar i Ål" presenterer utkast til strategidokument for oppvekstsektoren med handlingsplan for 2011-2015. Meir info her.
NB! Storforeldremøte på Leveld skule 24.03 kl. 19.30!

Matematikkdag 18.februar
Skulen hadde ein flott dag med matematikk i fokus. Elevane arbeidde i grupper på tvers av trinn og rullerte på stasjonar med ulike arbeidsoppgåver.

Stort fellestema for heile skulen 03.02:
Utvikling av innhald, kvalitet og struktur for skular og barnehagar i Ål.
Nokre spørsmål me skal arbeide med:
Er det moro å lære?
Kva er ”å lære”? Er det nødvendig ”å lære”?
Kva kan eg gjere for å lære meir?
Korleis skal dei vaksne vere for at det skal bli god læring? Les meir på Ål kommune si heimeside - skule!

Konsert for heile skulen 11.02.
"Den musikalske regnbuen"
På denne konserten fekk elevane oppleve eit stort spekter av lydopplevelser. Mange av fargane i musikken var henta frå Latin-Amerika, særleg frå Cuba og Chile, men også farga av norsk musikktradisjon.

3.og 4.klasse på Rolf Nesch-besøk!
Elevane i 3. og 4.klasse har besøkt Rolf Nesch-museet på Ål kulturhus 04.02, og fikk vere med på workshop etterpå.

Kunstformidling 20.09:
Geir Brohjem var på skulen og fortalde om ulike motiv frå bergkunst i Skandinavia.
Les meir her

Fjelltur for 5.-7.klasse.
Mellomtrinnet var på sykkeltur til Hestehovdstølen 20.-21.september. Dei sykla opp og sov i telt. Litt kaldt var det, men berre glade og fornøgde ungar og vaksne. Bilete i biletgalleriet!

Herleg høstvær torsdag 23.09.
Sjå bilete her
|