ORDENSREGLAR
FOR LEVELD SKULE
På Leveld skule vil me at alle skal vere
snille mot kvarandre. Ingen skal erte eller mobbe nokon. Ingen må stengje andre
ute frå leik slik at dei kjenner seg åleine ute eller inne i timane.
SKULEVEGEN
v me vil at alle skal ha ein trygg og god skuleveg - ta
omsyn til kvarandre på vegen og følgje trafikkreglane
v du som syklar til skulen må ha begynt i 5. årssteg,
og du skal bruke sykkelhjelm av godkjent type
v foreldra må sjå til at elevane bruker refleksvest
eller synleg refleks når dei ferdast langs vegen eller ventar på skulebussen
v skulen sine ordensreglar gjeld óg i skyss-situasjonen
FRIMINUTTA
v i friminutta skal alle vere ute
v er det -15o C eller kaldare kan elevane få
lov til å vere inne på tilvist plass
v på skulen vår er det til vanleg ikkje lov til å ete
tyggegummi og snop
v all bruk av rusmiddel og tobakk er forbode på
skuleområde og på skulearrangement
v ingen må gå ut av skuleområdet i skuletida (eller
SFO-tida) utan avtale med ein vaksen
v snøballkasting er berre lov mot blink
v elevane må gå rett til timen når det ringjer inn
PÅ SKULEN
v skulen forventar at elevane er høflege og venlege mot
kameratar, lærarar og andre dei møter på skulen
v elevane må sørge for at leksearbeidet er gjort og at
dei rette bøkene er med i sekken kvar dag
v elevane må setje bokpapir på skulebøkene
v elevane må ha med seg ei god og sunn matpakke
v alle har ansvar for at det er arbeidsro i timane
v elevane må rette seg etter det dei vaksne seier
v alle må ferdast roleg i gangar og trapper
v elevane leverer mobiltelefonen sin i skuletida
FRÅVÆR
v ingen må vere borte frå skulen utan grunn - føresette
skal skrive i meldingsboka om grunnen til fråværet
v treng elevane fri, skal føresette be om løyve i god
tid
v kontaktlærar kan gje fri inntil 1 dag - for lengre
tid må rektor kontaktast skriftleg
v ved uforutsett fråvær, ta kontakt med kontaktlærar
ØKONOMISK ANSVAR
v skulen er ikkje økonomisk ansvarleg for ting elevane
mister eller blir øydelagt på skulen, med unntak av det som blir dekka av
elevforsikringa
v ved uvøren bruk må elevane erstatte bøker og anna som
høyrer skulen til
BROT PÅ REGLANE
v me ynskjer å løyse vanskar med positive tiltak -
dersom ikkje brota kan gjerast opp på annan måte vil følgjande reaksjonar bli brukt :
o melding til heimen
o eleven må inn til samtale med rektor
o bortvising frå time eller for resten av dagen -
rektor tek avgjerdsle etter samråd med lærarane til eleven (foreldra skal
varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen)
Rev.oktober,
2010
Godkjent
i SU 28.10.10.